Active Release Technique (ART)

Hjem / Idrettskiropraktikk / Behandlingsteknikker / Active Release Technique (ART)

ART er ein behandlingsteknikk for bløtdelar. Teknikken er utvikla av kiropraktor Michael Leahy. ART er ein rørslebasert massasjeteknikk som behandlar problem med musklar, sener, leddband, bindevev og nervar.

Teknikken er patentert. Hovudverk, ryggsmerter, beinhinnebetennelse, carpal tunnel syndrom, skuldersmerter, isjias, plantar fascitt, kneproblem og tennisalboge, er berre nokre få av dei tilfella som kan verte hjelpte raskt og permanent med ART. Desse tilstandane har alle ein viktig faktor til felles, dei kjem ofte som eit resultat av overbelasta musklar.

Korleis skjer overbelastning?

Overbelasta musklar (og anna bløtvev) opplever fysiske og fysiologiske forandringar på tre viktige måtar:

  • Akutte skader ( strekk og slagskader etc.)
  • Opphoping av fleire smårupturar (micro-traume)
  • Ikkje tilgang til nok oksygen (hypoxi).

Kvar av desse faktorane kan føre til at kroppen produserer hardt og tett arrvev i det skadde og overbelasta området. Arrvevet knyt i hop vev som treng å kunne bevege seg fritt. Når arrvevet bygger seg opp, vert muskulaturen kortare og svakare, spenning i senar fører til tendinitt ( «senebetennelse») , og nervar kan kome i klem. Dette kan føre til redusert rørsle, mindre styrke, og smerter. Dersom ein nerve ligg i klem og/eller bevegar deg dårleg kan ei også oppleve desse symptoma: prikking, nummenheit og redusert styrke. Det er dette arrvevet ART kan hjelpe med å bryte opp, og dermed kan ein oppnå normal funksjon i bløtvevet igjen.

Korleis vil ei ART-behandling vere?

Kvar ART behandling er faktisk ein kombinasjon av undersøking og behandling. Behandlaren brukar hendene sine til å evaluere konsistensen og rørsla i muskulatur, bindevev, senar, leddband og nervar, samt spenningsnivået. Unormalt vev vert behandla med ein kombinasjon av spesifikt trykk på det området og spesifikk rørsle som pasienten aktivt utfører, etter instruksjon frå behandlaren. Desse behandlingsprotokollane – over 500 spesifikke rørsler, er heilt unike for ART : Dei gjev behandlaren høve til å identifisere og korrigere pasienten si spesifikke plage. Alle pasientar vert behandla heilt individuelt etter kva type plage dei har.

Kva er bakgrunnen for ART (Active Release Techniques)?

ART vart utvikla og patentert av kiropraktor Michael Leahy. Dr. Leahy la merke til at symptoma pasientane hans hadde, syntest å vere relaterte til forandringar i bløtvev som han kunne kjenne ved manuell undersøking. Ved å observere korleis musklar, bindevev, leddband og nervar responderte på ulike behandlingsteknikkar, kunne Leahy konsekvent hjelpe over 90% av plagene til pasientane sine. Etter årevis med utvikling av teknikken, underviser Leahy no over heile verda, og ikkje berre til kiropraktorar, men også for mange andre helseprofesjonar. Innan idrettskiropraktikken er ART svært utbreidd i bruk, grunna dei gode og raske resultata behandlinga gjev.

Kontakte oss

Her kan du sende oss en melding hvis du har noe på hjertet. Vi vender tilbake så snart vi kan!