Graston technique

Graston er ein instrument assistert behandlingsteknikk nytta for å lokalisere og behandle restriksjonar i muskulatur og anna blautvev.Instrumenta er laga av rustrfritt stål, og vert drege over huda i jamne drag. Pga instrumenta sin spesielle konstruksjon kan ein lettare kjenne restriksjonane i området ein jobbar med. Ofte undersøker behandlaren større flater først for å få finne kva områder som hovudsakleg treng behandling. Deretter går ein meir spesifikt over og behandlar dei områda der restriksjonane er. Det fins seks ulike instrument, som alle har spesielle kvalitetar og er dermed godt egna til å behandle visse områder.

Behandlinga kan til tider vere smertefull, men varer ikkje lenge. Ein kan òg få blåmerker etter behandlinga og verte litt øm. Bruk av is etter behandling kan redusere dette.

Erfaringsmessig er behandlinga svært effektiv for behandling av blautvev og godt eigna til å behandle idrettsutøvarar. Ein har òg gode erfaringar med Graston technique som behandling, sett i samband med Thomas Myers teoriar om ”Anatomy Trains”.

Kontakte oss

Her kan du sende oss en melding hvis du har noe på hjertet. Vi vender tilbake så snart vi kan!