Korleis er idrettskiropraktikken organisert?

Hjem / Idrettskiropraktikk / Korleis er idrettskiropraktikken organisert?

Idrettskiropraktorar er godt organiserte i mange land, spesielt i USA, Canada, New Zealand og Australia, der kiropraktorar i lang tid har vore inkluderte i dei respektive olympiske delegasjonane og i profesjonell idrett. Idrettskiropraktorar er også organisert i mange land i Europa, til dømes Sveits, England og Norge.

I Norge er idrettskiropraktorar organiserte i Norsk Idrettskiropraktisk Forening (NIKF).

Den internasjonale organisasjonen FICS (Federation Internationale de Chiropratique du Sport) er lokalisert i Lausanne i Sveits, og er godkjent av WHO og IOC. Gjennom FICS, er idrettskiropraktorar tilstades ved internasjonale arrangement som “World Games”, og forskjellege VM-arrangement. FICS arbeider med å formidle informasjon om idrettskiropraktikk, samt drive kommunikasjonsarbeid retta mot den olympiske komite og andre helseprofesjonar. I tillegg arrangerer FICS etterutdanning innan idrettskiropraktikk som leier til tittelen ICCSD (The International Chiropractic Sports Science Diploma). Ved dei amerikanske og kanadiske kiropraktiske studia kan ein oppnå tittlane CCSP (Certified Chiropractic Sports Physician) og vidare DACBSP (Diplomat American Chiropractic Board of Sports Physicians) som er eit meir omfattande etterutdanningsprogram.

 

Kontakte oss

Her kan du sende oss en melding hvis du har noe på hjertet. Vi vender tilbake så snart vi kan!