Kva er idrettskiropraktikk?

Hjem / Idrettskiropraktikk / Kva er idrettskiropraktikk?

Idrettskiropraktikk er ein spesialitet innan kiropraktikken, som omhandlar førebygging, handtering og rehabilitering av muskel-og skjelettskadar relatert til deltaking i idrett eller fysisk aktivitet.

Målet for ein idrettskiropraktor er å oppretthalde og forbedre idrettsprestasjonar, fremje fysisk fostring og helse, på alle nivå frå mosjonist til eliten, både på og utanfor idrettsarenaen. Idrettskiropraktikk som konsept kan kome alle til nytte, ikkje berre idrettsutøvaren. Som i idrettsmedisinen, så er nøkkelen til kiropraktisk suksess å involvere og motivere pasientane til aktivt å ta ansvar for eiga helse.

Kiropraktorar har vore involverte i behandling av idrettsutøvarar og idrettsskader sidan profesjonen vart etablert. Kiropraktikk er ein profesjon som handterer funksjonelle dysfunksjonar i rørsleapparatet, og er derfor svært eigna til å vere ein naturleg del i det helsefaglege støtteapparatet i idretten, enten sjølvstendig eller som del av eit fleirfagleg lag. Kiropraktorar arbeider oftast i eigne private klinikkar og behandlar idrettsutøvarar der på linje med andre pasientar, medan mange kiropraktorar som er spesielt interesserte i handtering av idrettsskader gjerne er direkte involverte i idrettslag og – klubbar, enkelte også som medisinsk ansvarleg.

 

Kontakte oss

Her kan du sende oss en melding hvis du har noe på hjertet. Vi vender tilbake så snart vi kan!