Kva er kiropraktikk?

Hjem / Idrettskiropraktikk / Kva er kiropraktikk?

Kiropraktikk omfattar diagnostikk, behandling og førebygging av plager i nerve-muskel-skjelett-systemet. Kiropraktorar er utdanna innan primærhelsetenesta, og utdanna til å evaluere og handtere pasientar med alle typer symptom som søkjer vår hjelp.

Som erfarne terapeutar behandlar vi stort sett dei tilfella som er av muskel-skjelett typen og er forventa å respondere på konservativ behandling. Kiropraktorane har i dag ei utdanning på 5 år ved universitet i Danmark (som er felles for Norden), og i England, Australia, Canada, USA, Brasil og Japan. I tillegg må 1 års turnusteneste gjennomførast før ein vert autorisert (offentleg godkjend) som kiropraktor i Norge. Kiropraktoren kan på trygda si reikning tilvise pasientar til alle typar bildediagnostiske undersøkingar. Mange kiropraktorar har også røntgenanlegg og kan ta og vurdere røntgenbilder i eigen klinikk. Enkelte har etterutdanning i bruk av diagnostisk ultralyd. Kiropraktorane har sjukmeldingsrett, og rett til å tilvise til spesialist og sjukehus, og tilvise til fysioterapi. Grunnleggande og viktige rettar som er i tråd med utdanninga vår.

Kontakte oss

Her kan du sende oss en melding hvis du har noe på hjertet. Vi vender tilbake så snart vi kan!