Kva gjer ein idrettskiropraktor?

Hjem / Idrettskiropraktikk / Kva gjer ein idrettskiropraktor?

Idrettskiropraktorar har mykje til felles med våre kollegaer innan medisinen, men det som gjer oss distinkt, er også det som gjer oss spesielt nyttig for idrettsutøvaren.

Ein kiropraktor, med ferdigheitene til å evaluere akutte traumer og belastningsskader, og ansvaret til å stille diagnose og formulere ein behandlingsplan, er også terapeut som ofte fylgjer pasienten frå start til friskmelding. Det at ein person har ansvaret for både undersøking og oppfylgjing gjer at ein unngår mistydingar som kan oppstå når fleire behandlarar er involvert. Pasientar vert tilvist til andrelinjetenesta eller andre behandlarar i dei tilfella det er indikert, grunna diagnose, at pasienten treng oppfylging vi ikkje kan tilby, eller manglande resultat.

Ein idrettskiropraktor fokuserer spesielt på å lokalisere den biomekaniske ubalansen som førte til skaden eller smertene, og å vurdere alle deler av rørslekjeda, ofta kalla den kinetiske kjeda. Ekspertise i manipulasjon og mobilisering av ledd (columna og ekstremitetar), og bløtdel (nerve, muskel, fascie) er eit område som gjer idrettskiropraktoren unik. Idrettskiropraktoren er ofte habil i bruk av taping og bracing, bruk av tørrnål og bløtvevsteknikkar som Active Release (A.R.T.). Kanskje du ikkje visste at den no mykje nytta bløtdelsteknikken A.R.T. er utvikla av kiropraktoren Dr. Mike Leahy? Og at kinesiotape og teknikken vart utvikla allereie for 25 år sidan av den japanske kiropraktoren Dr. Kenzo Kase ?

Idrettskiropraktoren legg vekt på trening og rehabilitering, som ofte er fokusert på å stabilisere haldninga ved å ta tak i oppgåver som balanse, konseptet rundt nøytral rygg/skulderblad og kjernetrening, tøying av stram postural muskulatur, og samtidig styrke svake og inaktive musklar. Rehabilitering kan gjerast spesifikk når ein har kjennskap til den enkelte utøvar sitt rørslemønster, der svake eller dysfunksjonelle rørsler eller muskelgrupper vert fokusert på. Idrettskiropraktoren utøver ein funksjon som ofte manglar i det allereie eksisterande apparatet rundt idrettsutøvaren eller -klubben. Det å identifisere og behandle ikkje berre innlysande dysfunksjonar, men også tilsynelatande mindre dysfunksjonar som ofte er oversett eller ignorert, og som fører til tydeleg redusert yteevne, kan vere avgjerande for utøvaren.

Med rett diagnose og val av behandlingsform, kan resultatet ofte vise seg umiddelbart, med betring i funksjonen. Det at pasientane våre responderer raskt på det vi gjer, fører til at ein kan spisse behandlinga og finjustere behandlingsplanen.

 

Kontakte oss

Her kan du sende oss en melding hvis du har noe på hjertet. Vi vender tilbake så snart vi kan!