Kiropraktorar viktige for cupvinner Hødd

Hjem / Nyheter / Kiropraktorar viktige for cupvinner Hødd

Når det er familiesamkomer heime hjå Irene Fimland Skår og Rune Skår i Ørsta, vert det ofte snakka om helsefagrelaterte hendingar og opplevingar. Seks medlemer av familien har utdanning som kiropraktor, ei har sjukepleieutdanning og ein er snart lækjar, så sjølv om alle også er interesserte i både idrett, friluftsliv og naturopplevingar, er topptemaet kring matbordet ofte helserelatert. Rune Skår (55) frå Ørsta vart ferdig utdanna kiropraktor i USA i 1986 og har drive praksis i Volda sidan 1989, først i Storgata og sidan på Vikeneset med Kiropraktorklinikken sidan 1995. Han har vore medlem i sentralstyret til Norsk Kiropraktorforening i fire år, frå 2002– 2006. Systera hans Jannike Skår og ektefellen hennar Mara Frattasio vart også utdanna i USA, ferdige i 1997. Dei driv i dag Kiropraktorklinikken i Sogndal. To av dei tre borna til Irene og Rune har også vorte påverka av den høge trivselsfaktoren i yrket til faren, så Tonje Fimland Skår tok utdanning i Australia og der møtte ho kjærleiken i den norske medstudenten Lars Erik Gjøystdal, som sjølvsagt også tok kiropraktorut- danning. Medan Sigve Fimland Skår i løpet av våren er ferdigutdanna kiropraktor i England.

Fekk hjelp sjølv

– Eg fekk overraskande bra rygghjelp hjå ein kiropraktor sjølv etter ei idrettsskade under studiar i Danmark. Då vart eg veldig imponert over den nesten umiddelbare smertelindringa, men også av den funksjonsbetringa som behandlinga gav meg, fortel Rune Skår. Han let seg fascinere av å kunne hjelpe folk med ymse muskel-skjelettplager. Ørstingen gler seg til å reise på jobb kvar dag, møte pasientar, arbeide i eit tverrfagleg miljø i Skår-bygget på Vikeneset i Volda, og vere ein del av eit godt arbeidsmiljø. – Eg har sagt at eg ikkje verken kan eller vil pensjonere meg før dei eventuelt «burar meg inne», men at eg aller- eie no tek meg ein og annan «pensjonistettermiddag». Belastningsskadar er absolutt eit problem innan yrket vårt også, men heldigvis finst der spesialverktøy vi kan nytte oss av for å minske presset og stresset på eigne lekamar. Vi har eit yrke der vi tek på folk, så ein kan ikkje lide av «behandlingsangst» i bransjen vår. For meg har det vore flott å ha Jannike og Mara i Sogndal som eg har utveksla erfaringar med når eg har hatt behov for det, konstaterer Rune.

Storebroren inspirerer

For Jannike Skår (43) som er tolv år yngre enn Rune, har det vore heilt naturleg å ha storebroren som forbilde. Reint fagleg har Rune inspirert veslesystera. I dag er ho leiar for Norsk Idrettskiropraktisk foreining. – Det er moro å komme på landsmøte i Norsk Kiro- praktorforening og få høyre at: «Rune er den einaste som kan fikse ryggen min, han er unikt dyktig.» Det at han har vore ein moderne kiropraktor samanlikna med andre han studerte saman med, seier ein de lom kor framsynt han er og kor glødande interessert han er i å ta inn ny kunnskap. Han plukkar alltid opp nye og teknikkar og tenkemåtar frå nyutdanna kiropraktorar, og det er ein svært viktig eigenskap. Vi let oss inspirere av kvarandre, fortel Jannike. Ho legg til at storebroren hennar var ein av dei første som tok i bruk digitalt røntgenutstyr i klinikken sin, og no er damene i Sogndal klare til å bruke diagnostisk ultralyd, noko som er framtida innan muskel- og skjelett- diagnostikk.

Frå landslag til Sogndal

Ektefellen til Janikke, kiropraktor Mara Frattasio (45) tok utdanninga i same klasse som ørstingen. Mara var tidlegare landslagsspelar i ishockey. Ho fekk gjennom både eigne skadar og andre sine skadar auga opp for dei som arbeidde i hjelpeapparatet i idrettsklubben hennar. – Eg var alltid i treningsrommet og lærte alt eg kunne medan eg var ein aktiv idrettsutøvar. Det var mykje å lære både frå trenarar, fysioterapeutar og legar. Vi kiro- praktorar er spesielle fordi vi først og fremst meiner at kroppen har alt det han treng for å halde seg frisk. Og når kroppen ikkje fungerer, har vi verktøy og behandlings- metodar som jobbar i samspel med kroppen. Kiroprak- torutdanninga dekkjer heile kroppen, ikkje berre mus- klar og skjelett. Vi respekterer kroppen og søkjer verktøy og behandlingsformer som beheld kroppen sin heilskap. Det er viktig for samfunnet, spesielt i Noreg, å ha nokon som ser med ferske auge og med heilskapsprinsipp på folk. Truleg er det derfor at kiropraktikken har overlevd og veks. Og – det er difor det er så spennande å vere kiro- praktor, seier Mara. Ho legg til at det er kjekt å kunne vere ein del av ei så stor gruppe av kiropraktorar og helseorienterte personar i familien Skår. Sjølv om Mara synst det er bra at det kan verte kiropraktorutdanning i Noreg, meiner ho at det er godt for fleire å komme seg ut or landet for å studere, og kunne ta med seg noko heim att som kan tilføre profesjo- nen noko verdifullt.

Tonje i Sydney

Då Tonje Fimland Skår (30) skulle velje seg utdanning, var ikkje valet så vanskeleg. Ho har i mange somrar vore sekretærvikar for faren «bortpå» kiropraktorklinikken i Volda. – Eg har sett at pappa har hatt høg trivsel på jobb og han har aldri klaga over jobben sin. Gjennom å ha ar- beidd på klinikken, har eg fått respekt for yrket vårt. Ei stakka stund tenkte eg på om eg kanskje skulle studere psykologi, men det gjekk for over. For meg er den største fascinasjonen ved det å vere kiropraktor at det er så kraft- fullt. Det er berre hendene våre som er arbeidsreiskapen og vi hjelper folk i alle aldrar av livet. Såre enkelt – men vanskeleg, kan vel oppsummere kvardagane kanskje. Vi treng ikkje bruke skalpell for å opne pasientane våre, om det skulle vere nødvendig, tek heldigvis andre seg av det, poengterer Tonje. Ho ville til utlandet og er glad for den livserfaringa ho som utanlandsstudent har fått med seg. Medan ho studer- te og jobba som kiropraktor i Sydney, reiste ho mykje i Sør-Aust Asia og i Australia. Å utvide språkdugleikane sine samtidig som ein tek ei fagutdanning, er ein god kombinasjon, meiner ørstingen. – For meg er det kjekt at det er så mange andre kiro- praktorar i familien. Då har ein mange å rådføre seg med og som kan gje ein gode synspunkt på kompliserte saker. I dag er eg busett i Sandefjord saman med sambuar og dottera vår Nora. Eg storkosar meg på jobb og med å bu på Austlandet, men eg kan ikkje underslå at eg saknar storleg Sunnmørsalpane. Dette å kunne nyte fjord, fjell og frisk luft i kvardagen, er noko av det eg har sakna aller mest ved å bu vekke. For Tonje er arbeidsdagane fylt av glede over at ho får vere i rørsle og har ein aktiv jobb. Vidare er det viktig for kiropraktorane å førebyggje belastningsskadar hjå seg sjølv, og passe på skulderplager og handleddsslitasje. – Vi har ofte såre ryggar også, men så veit vi å hanskast med dei då, seier Tonje optimistisk. Frå teiknar til kiropraktor Tidlegare arbeidde Lars Erik Gjøystdal (30) frå Sandefjord som teknisk teiknar for eit arkitektfirma i Oslo. Det var der han møtte Tonje Skår og vart forelska. Dei hadde begge same mål før dei vart eit par, og det var kanskje derfor dei passa så godt i lag også. Begge reiste til Aus- tralia for å studere kiropraktikk i Sydney. I dag arbeider Lars Erik som kiropraktor på Kiropraktisk Senter i Tøns- berg og nyt dei glade dagar med Tonje og dottera deira Nora (16 månader). – Eg fekk sjølv hjelp for pustevanskar av ein kiropraktor då eg var 18 år, og valet av utdanning tok eg i etterkant av å ha hatt fleire strøjobbar. Å vere kiropraktor medfører aktive og utfordrande arbeidsdagar. Vi møter nye menneske og får brynt oss på ulike problemstillingar heile tida. Eg synst aldri det vert for mykje snakk om kiropraktiske tema, sjølv ikkje på julaftan, så for meg er det glimrande å vere i ein familie med så mange innanfor same yrket, understrekar Lars Erik. Det å kunne hjelpe folk med smerter og få så mange fornøgde menneske innom kontoret, gjev berre meir glede for yrket.

Fødde til det!

Når Sigve Fimland Skår (27) får spørsmål om kvifor han utdannar seg til kiropraktor, svarar han: «Fordi eg vart fødd til å vere det!» – Det er heilt sant, det er ingenting eg kunne ha tenkt meg å vere meir enn kiropraktor. Jau, astronaut ville eg kanskje helst ha vore. Det ultimate for meg hadde nok vore å bli astronautkiropraktor. Men i alle fall appellerer alt ved det kiro- praktiske yrket til min person. Fasci- nasjonen min for yrket ligg i dette med den menneskelege tilknyting mellom kiropraktoren og pasientane, altså det at vi kan sjå det heilskaplege mennesket, reflekterer Sigve. Han meiner det er på høg tid at det vert oppretta ein universitetsutdan- ning for kiropraktikk her i landet, sjølv om ein veks mykje som person på det å reise til utlandet og ta ei ut- danning i eit anna land. – Eg ville aldri ha vore utan dei snart fem åra eg har budd i England, når eg ser tilbake på det no. Klart det er både tøft og kostbart å vere utan- landsstudent, men du verda så sinns- sjukt verdt det. No når eg som sjette- mann i familien tek kiropraktorut- danning, er det berre å slå fast at vi er nokre nerdar heile gjengen. Vi klarer å ikkje ha normale samtalar som dei fleste andre normale familiar klarar å ha. Like fullt set eg pris på samtalane våre, og med ei mor som er opera- sjonssjukepleiar og ein bror som skal bli lækjar, så vert det etter kvart vel- dig mykje helsefagleg kompetanse innanfor «klanen» vår, noko som er til hjelp for oss alle, konkluderer den yngste kiropraktoren i Skår-familien. I romjula var fire kiropraktorar i land Skår. Hjørdis Almelid Vikenes

Kontakte oss

Her kan du sende oss en melding hvis du har noe på hjertet. Vi vender tilbake så snart vi kan!