Vanlege spørsmål

Hjem / Vanlege spørsmål
Eg ynskjer å halde eit føredrag for eit idrettslag, men skulle gjerne hatt litt hjelp til innhald?

Du står fritt til å bruke det som finnast her på nettsidene. Og om du er medlem i NIKF så kan du logge deg inn på intranettet og der ligg det enkelte eksempel på foredrag som andre idrettskiropraktorar har helde før. Du kan også bruke forumet inne på intranettet vårt.

Har fått forespørsel frå klubb om å vere medisinsk koordinator, korleis bør eg utforme kontrakta med klubben?

Og om du er medlem i NIKF så kan du logge deg inn og der ligg det enkelte eksempel på kontrakter. Du kan også bruke diskusjonsforumet inne på intranettet vårt, og få gode råd frå erfarne idrettskiropraktorar.

Korleis melder eg meg inn i FICS ?

Ved å melde deg inn i NIKF er du medlem av FICS og får medlemsrabatt på deira kurs. Medlemsskapet i NIKF har ei årleg avgift som skal vere betalt innan 31.januar for at du skal verte registrert som FICS medlem.

Eg har stor interesse innan idretten og ynskjer å vere med som kiropraktor ved arrangement som OL eller VM, korleis går eg fram?

Det at kiropraktorar er sjølvsagde ved slike arrangement er det ultimate mål for NIKF , for FICS og for andre store idrettskiropraktiske foreningar. Det har vore individuelle kiropraktorar til stades ved OL i mange, mange år, men det var ikkje før OL i Vancouver i 2010 at kiropraktorar hadde ein offisiell plass innan det medisinske apparatet for OL landsbyen.  Dette kom som eit resultat av mange års arbeide av våre systerforeninger i USA og Canada, og i botnen ligg grundig og godt klinisk arbeide, slik at det har blitt eit stort press frå idrettsutøvararane at kiropraktorar er tilstades.

Det er nettopp derfor det er så viktig å jobbe organisert og målretta, og vi håpar du vil melde deg inn i NIKF og vere med på laget !

Som kiropraktor i Norge  kan du få sjangsen til å vere kiropraktor ved OL gjennom FICS. Då  må du ha fullført etterutdanniga gjennom FICS, kunne vise til erfaring og så kan du søke og vere heldig å verte utplukka. Elles er det viktig at vi er tilstades der det skjer innan idrettsmedisinen i Norge, og derfor må du fullføre Idrettsmedisin 1 og 2, samt vere tilstades ved Idrettsmedisinsk Høstkongress som NIMF og FFI arrangerer. Når så den medisinske troppen skal settast saman bør vi søke om å ta del.

Kva dekker medlemsavgifta til NIKF?

Av den årlege avgifta på 950 ,- kr til NIKF går ca 340 ,- kr til FICS. Det første året får det nye NIKF medlemet ei flott T-skjorte med trykk og NIKF logo, den kostar 280,- kr. Elles går kontigenten dei første åra til å lage nettside, trykke opp rekvisita, porto, og elles vil den etterkvart gå til innkjøp av telt og utstyr til å bruke ved idrettsarrangement der NIKF stiller med kiropraktorar.

Kvifor bør eg vere medlem av NIKF?

Først og fremst av idealisme fordi du brenn for at kiropraktikken har ein naturleg plass innan idretten, og for at du ynskjer at alle skal få tilgang til den informasjonen. Det er eit spennande fagfelt å ta del  i og du kan få auke kompetansen din ved å etterutdanne deg og ved å vere ein del av forumet i NIKF og dele nyttig informasjon og erfaring. Det er viktig at vi kiropraktorar står samla skal vi nå fram med måla våre for profesjonen. Ved å vere medlem av NIKF gjer du dette mulig!

Kontakte oss

Her kan du sende oss en melding hvis du har noe på hjertet. Vi vender tilbake så snart vi kan!